Framside
LoveNepal, som no heiter Love and Hope, hjelper jenter ut av sexslaveri i India, Nepal, Bangladesh og Sri Lanka

betania_lovenepal_banner.png - 73.91 KbBetania Øyfjell støttar organisasjonen Love and Hope, som vart starta i 2009 (LoveNepal) av Mikael og Ing-Marie Alfvén. Hovudfokuset er å hjelpe jenter, heilt ned i under skulealder og oppover, ut frå mishandling og sexslaveri i India og Nepal. Jentene får ein trygg og god oppvekst på barneheimar som Love and Hope bygger opp. Der får dei omsorg, helsehjelp og skulegang, som opnar vegen for vidare utdanning. Dette gjer jentene istand til å påverke samfunnet i sitt eige land til å endre menneskesyn, og å gje alle borgarar det menneskeverdet og dei same rettane som vi tek som sjølvsagt i vårt land. Til no har ca. 800 jenter fått hjelp.
Alle som vil kan vere med å støtte dette veldig viktige arbeidet for dei som ikkje vert rekna for noko i deira kultur. Ved å sende pengar til Betania Øyfjell. konto 0530.49.02789, og merke det LOVEandHOPE, er de med på å støtte både drift og vidareutvikling av arbeidet. Alle pengane går uavkorta direkte til arbeidet.

 
 

Kven er her no

Vi har 2 gjester her nå